Valencia

October 19, 2013

Valencia_cover_195

Ny CD ute nå!

Hildegunn Øiseth sine medmusikantar på denne plata fasinerte henne med sitt leikande spel allereie på nittitallet då ho turnerte saman med dei i Bohuslän big band. Så møtest dei igjen for nokre heite dagar i Valencia der dei utvekslar låtar og flunkande ny speleglede.Det nyansrike albumet har fått preg av både iberisk og nordisk tonekoloritt. Det veks ut av den meditative tonen frå forrige album, Stillness, kvervlar opp råare rytmar undervegs, samstundes som det teiknar opp den spennande kursen vidare.

Her finst låtar som vibrerar av velfortent “cool” siesta i sommarvarmen. Når det går mot natt bles det opp til frisk bris med forløysande låtar som Chasing My Own Tail og Roxy. Og det er rom for tonekjemi som Hildegunn Øiseth er åleine om å skape. Nattjoik, Sacred og Sårt er utsøkte låtar som opnar opp for organisk spirituell innlevelse og er som skapt for Hildegunn Øiseth sin undersøkande og nære trompettone som sjeldan lyder utan at ho har lagt heile si sjel i den.

Hildegunn_portrett_BW_191

Platekompaniet
Vuelie

Hildegunn_portrett_BW_600

Testdagsavisen_velencia_600

jazznytt_valencia_600

Previous post:

Next post: