News

New CD: Manana, April 3rd

Hildegunn Øiseth Quartet: New CD April 3rd 2020.
Release tour: Vossajazz + more!

«WITH THE FORCE AND POETIC WARMTH OF A MASTER»

Today, the most powerful voice in a domain often referred to as “the Nordic sound” belongs to Hildegunn Øiseth. When she lifts the goat horn to her lips, she fills the room with the musical power of a master, while at the same time expressing a poetic warmth that is uniquely hers.

Those of us who crave our daily dose of ethno- electronica are equally enthusiastic when Hildegunn Øiseth this time around also tries out her electro- nically adapted trumpet sound in an unusually responsive acoustic band. Manana embraces more of Hildegunn Øiseth’s dynamic universe than her previous releases, while allowing her sensitive and down-to-earth personality to shine as vulnerably as ever.

— Ivar Orvedal

HILDEGUNN ØISETH – trumpet, goat horn, vocals
PER ODDVAR JOHANSEN – drums
ESPEN BERG – piano
MAGNE THORMODSÆTER – bass 

Knuser glasstaket i jazzen

Møt Hildegunn Øiseth ved Griegakademiet, Noregs første amanuensis i instrumental jazz

Hildegunn Øiseth er den første norske kvinna som er tilsett i ei stilling i instrumentell jazz på førstemanuensisnivå. Det er få kvinner i jazz, men med Øiseth håper Griegakademiet å skape eit miljø for kvinnelege jazzmusikarar.

Hilde Kvalvaag

Les videre


-Eg hadde ikkje sett for meg at eg skulle undervise ved eit universitet, men når eg fekk tilbodet synes eg det er kjempespennande, seier Hildegunn Øiseth. Sidan januar 2019 har ho fylt ei nyoppretta 20-prosent stillinga i instrumentell jazz. Ho er trompetist men også prisbelønt for bruk av det norske ur-instrumentet bukkehorn. Øiseth er kjent for å kombinere norsk og samisk folkemusikk med austlege og afrikanske musikktradisjonar.

Som ein kar
«Du spelar som ein heil kar, Hildegunn,» fekk ho stadig høyre då ho på 1990-talet spelte med Bohuslän Big Band. – For min generasjon og dei som er eldre var kvinner rekna som mindre gode utøvarar. Men skal eg være heilt ærleg har eg høyrt mange fleire dårlege mannlege jazzmusikarar enn kvinner, men så er det jo også mange fleire menn på jazzfeltet, parerer Øiseth.

Langt på overtid

Det er altfor seint, og sjokkerande at vi måtte komme til 2019 før vi fekk ei kvinne som amanuensis i instrumentell jazz. Heile fagmiljøet i jazz har opplevd det som svært uheldig å ha ein så skeiv kjønnsbalanse, seier Randi Rolvsjord, instituttleiar ved Griegakademiet – Institutt for musikk. Dei har brukt likestillingsmidlar for å opprette stillinga som instrumentallærarstilling med hovudansvar for likestillingsprosjektet på jazz. 
- Hildegunn Øiseth har vore i bransjen så lenge, og fulgt utviklinga innan fagområdet. Ho er eit veldig sterkt fagleg supplement, seier Rolvsjord som håper at unge jenter vil gå i Hildegunn Øiseths fotspor og velge jazz.

Samlar jenter som vil spele jazz
Ei av Øiseths hovudoppgåver på Griegakademiet er jazzkurs for jenter, der jenter mellom 15 og 20 år får opplæring av kvinnelege jazzutøvarar. Vi møter Øiseth på jazzkurs for jenter, som blir arrangert for andre år på rad. Det er haustferie og i Nygårdsgaten 5, innarst i ein gong, i lite studio utan vindauge står unge jenter skulder ved skulder.
– Start med å gå i fjerdedelsnoter, klapp, rør ved brystet, instruerer slagverkar og komponist, Eva Klesse, endå berre 33 år gammal, og Tysklands første kvinnelege professor i instrumental jazz. – Hold takten nøye, det er ein tendens til at vi rører oss fortare og fortare om vi ikkje er nøye med tellinga.
Klapp. Klapp. Klapp. Hildegunn Øiseth rører seg i takt med jentene. Eva Klesse set seg ved trommene, stemninga i rommet er nesten hypnotisk, ein to, tre fire fem. Kven er din favorittmusikar, ein, to, tre, fire, fem. Miles Davies, Esperanza Spalding, Bill Evans. OK, interessant, svarar Klesse i takt med den jamne klappinga frå 24 jenter.

Var skeptisk
Vi går ut på gangen, høyrer lyden frå trommene og klappinga gjennom døra. Og eg spør kvifor Griegakademiet velger å ha eigne kurs kun for jenter? 

Hildegunn Øiseth tek ein liten pause før ho svarer. – Det er litt skummelt å gjere det fordi eg sjølv har vore med i mange prosjekt som ikkje har ført fram. Så eg har vore forsiktig før eg gjekk inn i dette, men jentene gjer tilbakemeldingar som gjer at eg er blitt sikker på at kurs for jenter er rett veg å gå. Jentene seier at der kan dei teste ut ting, at dei føler seg komfortable. Allereie som så unge jenter har ein del opplevd negative tilbakemeldinger på at dei driv med jazz. Vi håper at etter kurset tør fleire å søke.

Jazzen speglar samfunnet
Korleis har kvinner påverka jazzen?
På sosiale medier er det mange som prøver å finne fram store kvinnelige instrumentalister. Dei har eksistert, men det har ikkje vore interesse for dei og dei er viska ut av historia. Det finst gamle opptak frå jenteband under andre verdskrig, tragisk nok, når mennene var borte vart det ei scene for kvinnene. Jazzen speglar samfunnet. Eg trur at kvinner har veldig mykje å tilføre jazzen, og at kvinner kan påverke menn til å tørre å vere annleis, og musikken utviklar seg annleis når ulike mennesketypar er representert. Men jazzen er ikkje ein machokultur, vi ser også at mannsrollen i jazzen endrar seg. Eg meiner bestemt at jentene påverkar gutane til å spele meir sart. Det treng ikkje å vere slik at ein heile tida skal vise fram det tradisjonelt anerkjente innan jazzen, som til dømes hurtigheit på instrumentet. Men det byrjar å bli mange gutar som spelar annleis enn det tradisjonelle, seier Hildegunn Øiseth som trekker fram Bendik Giske som er utradisjonell både musikalsk og i det sceniske uttrykket.
-Det er meir mangfold både blant gutar og jenter i jazz. Men det er viktig å tenke på kven som sit i jazzklubbane rundt i Norge. Det er dessverre ofte slik at det er ein type jazz som er jazz.

Studerte klassisk

Sjølv tok Øiseth klassisk utdanning, men vart påverka av dei som gjekk på jazzutdanninga. 
-Eg hang med dei og lærte av dei. Mitt første møte med jazz, var når eg begynte å synge jazz, men på siste året av utdanninga var det audition. Eg stod bak ein skjerm med trompeten min. Etter mange rundar, vann eg heile auditionen. Først på slutten skjønte dei at eg var kvinne. Nokre ganger ser eg for meg den skjermen, kva om vi ikkje ser den som spelar? seier Øiseth som har utdanninga si frå Sverige og i mange år spelte trompet med Bohuslän Big Band.

Korleis vart musikken din prega av mange ulike retningar?


Då eg flytta til Sør Afrika i 1999 og møtte det afrikanske, fekk eg lyst til å grave i den gamle norske musikken. Etter åra i Afrika har det afrikanske vore med meg i all musikk. Eg har også reist austover og blitt inspirert av det. Eg fann også bukkehornet på sufi-seremonier i Pakistan, drog heim og fekk tak i eit. Eg blei veldig begeistra for bukkehornet, Eg måtte lære meg sjølv, det var ingen lærarar på det instrumentet.

Standardlåtar er kjerna
Går det an å definere jazz?
-Ein kan tilnærme seg jazzen uansett kor ein kjem frå. Ofte er det uklare grenser mellom jazz eller klassisk, 
I hovedsak er jazzen veldig gehørbasert, men no skal klassiske utdanningar også bli meir gehørbasert. Det ein kanskje kan seie er jazzens kjerne i dag, er alle standardlåtene. Det spelar det ingen rolle om ein spelar i Kina eller New York. Jazzmusikararar overalt møtest i dette, det er veldig sjarmerende med jazzen.
Men improvisasjon er sentralt. På jazzkurset fokuserer vi blant anna å lære å føle i kroppen. For å kunne improvisere må musikken sitte i kroppen så ein etterkvert slepp å tenke.

Korleis vil du beskrive din inngang til jazz?

-
-Eg er ein melodikar og har alltid fokusert på å berøre. Det er første prioritet, det kan godt vere provoserande, eller stygt. For om du vil inn i hjartet må du ta inn det som er sårt eller stygt. Det harmoniske har alltid komme i siste rekke, seier Øiseth. Ho legg til at ho ofte har tenkt på seg sjølv som ein outsider innan jazzen. Eg har mi styrke i det sarte, men eg likar også det tøffe. Når eg har valt tøffe ting, har eg tenkt; er det elgitar du vil spele, Hildegunn. Eg vil heile tida lære av dei eg spelar med. Om ein ser på jazzhistoria er ikke det noko nytt at jazzhistoria har gått ut for å hente inspirasjon.
Jazzkurs for jenter er så populært at dei måtte avvise ein del jazzvokalister. 
-Vi prioriterte instrumentalistar. Det er veldig mange som har talent men i slutten av tenåra dett dei av lasset. Dette må vi gjere noko med, seier Øiseth som har fått hjelp av to trompetstudenter med planlegginga av kurset.

Eg liker å samanlikne jazzen med stjernehimmelen. Ein kan leve eit godt liv med jorda og månen og sola, men ein kan dra utanfor det til andre planeter og solsystem. Det tar aldri slutt, det er kjempespennande. Og eg ser det på jentene i løpet av veka. At dei beveger seg utover. Det er enormt spennande å observere frå dag til dag, når dei har ulike instruktører, med ulike måter å tilnærme seg jazzen, oppdagar nye jazzplanetar. Det finst veldig få rollemodellar i utøvande jazz, og ingen rollemodeller i undervisningssystemet. Før var det motvilje mot kvinner i jazz, det er ikke det lengre, men det er mange etterdønningar. Øiseth fortel at dei fleste av dei som kjem på jazzkurset går på musikklinje i ulike byar, eller på folkehøgskular. – Nokre av dei kan eg spotte at blir musikarar. Dei har forstått mykje allereie.

Kva er det som skal til for å bli ein god jazzmusiker.
Det er ikkje nivået, men ei slags nysgjerrigheit, ei åpenheit, og evne til improvisasjon. I den alderen skjer det så mykje. Når du møter dei på mandag, tenker du at nokre har «det». På fredag har kanskje enda fleire «det». Eg blir veldig rørt over at dei plutseleg tør. Mykje av grunnen trur eg er at her møter dei berre kvinner. Vi lærer jentene som kjem hit, at uansett kva du spelar, så er det riktig, vi lærer dei at stillheita mellom tonane også er musikk, at improvisasjon er komposisjon. eier Øiseth og fortel at det blir oppfølgingskurs til neste år. 
-Det er noko vi ser behovet for, og har konkrete planar om. Vi er veldig glade for at det var sju stykker som gjekk på jazzkurset i fjor som søkte Griegakademiet, og tre av dei er no studentar her.

Fakta:
Hildegunn Øiseth har gitt ut tre soloplater og medverka på ei rekke andre plater. Ho stod mellom anna bak bestillingsverket «Panda» til Trondheim Jazzfestival i 2019. les meir om Hildegunn Øiseth her http://hildegunn.com/